Hopp til innhold
Hodene til to menn på en strand. De har solbriller på

Døden i Venezia

Kva gjer du når verda slik du kjenner ho står og vippar? Du spring heim og bestiller ferie til Syden.

Ei kjensle av undergang snik seg inn på oss. Korleis agerer me når avgrunnen står og gapar rett framfor føtene våre? Når styrtregnet tømmer seg over oss, når menneske blir jaga på flukt, og når sanninga blir forvridd til det absurde? Får det oss til å handla?

I samansmeltinga mellom eit distansert tekstleg førelegg, eit brutalt koreografisk materiale, og eit forførande musikalsk uttrykk, ynskjer framsyninga å undersøkja eit menneske som nektar å erkjenna at døden har inntatt manesjen, og som heller rømmer inn i sjølvbedraget og begjæret.

Visningstider
Fra til
Varighet og pauser
1 time og 30 minutter uten pause
Advarsler

Gjestespel frå Ymist

Einsemd får fram det originale, det dristig og underleg vakre, diktet. Men einsemd får òg fram det motsette, det urimelege, det absurde og ulovlege.

Medverkande

Tod in Venedig av Thomas Mann.

Forfattar: Thomas Mann. Rettigheitshavar, forlag: S. Fischer Verlag GmbH, Frankfurt am Main, Germany © 

Omsetjar: Geir Pollen. Forlag i Noreg: Skald. Dramatisert av: Oda Radoor. Koreograf, regissør: Erlend Samnøen.

Utøvarar: Morten Espeland, Erik Rulin, Nils Jakob Langvik.

Komponist: Nils Jakob Langvik. Scenograf: Kjersti Alm Eriksen. Ljosdesignar: Ingeborg Staxrud Olerud. Kostymedesignar: Ane Ledang Aasheim. Dramaturg: Oda Radoor. Teknikar: Daria Zarbeeva. Produsent: Emilie Mordal. Foto/illustrasjon: Kjersti Alm Eriksen. 

Støtta av: Kulturrådet, Fond for lyd og bilde, Fritt Ord, Bergesenstiftelsen, Fond for utøvende kunstnere.

Co-produsentar: Black Box teater, Tou Scene, Rosendal Teater.